Utsyn mot verda: Cecilie Hellestveit om krigens folkerett, Palestina og Ukraina


Episode Artwork
1.0x
0% played 00:00 00:00
Jan 16 2024 73 mins   1

Opptak av føredrag om krigens reglar i høve hendingane i Palestina og Ukraina. Voss bibliotek 10.01.2024.

Kva er lovleg sjølvforsvar etter FN-pakten, og når er eit angrep som rammar sivile folkerettsstridig? Og kva reglar gjeld eigentleg på bakken i ein krig?
Med folkeretten som bakgrunn vil Cecilie Hellestveit fortelje om dei juridiske utgangspunkta for den forferdelege situasjonen på Gaza og krigen i Ukraina.
Cecilie Hellestveit er jurist og konfliktforskar med doktorgrad i internasjonal humanitærrett frå Universitetet i Oslo. Ho er forfattar av fleire bøker, mellom anna om Krigens folkerett (2020) og om krigane i Jemen og Syria. Hennar siste bok, Dårlig nytt frå Østfronten - krigen som endrer alt (2023) handlar om krigen i Ukraina.

Samtalen er en del av biblioteket sin nye arrangementsserie «Utsyn mot verda», som tar føre seg ny norsk sakprosa som vender seg mot omverda og internasjonale problemstillingar. Serien er støtta av Fritt Ord.