Nov 14 2024 49 mins 1
Kva er bakgrunnen til faget utdanningsval? Kvifor er fagdidaktikk ein så sentral kompetanse for utdanningsvalslæraren? Og kva for elevar møter ein i utdanningsvalstimane?
Faget utdanningsval er aktualisert gjennom stortingsmeldinga En mer praktisk skole. Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.-10. trinn, som kom i september i år, men òg gjennom arbeidet med kompetansestandarden for utdanningsvalslæraren, som kom i år.
I denne episoden av Veilederforum-podden snakkar vi med førsteamanuensis Petra Røise ved Universitetet i Søraust-Noreg, som er ho som har forska mest på utdanningsval i Noreg. Røise har skrive avhandlinga Faget utdanningsvalg – intensjoner og operasjonalisering: En empirisk studie av dimensjoner av læreplanen i faget utdanningsvalg i ungdomsskole, der ho undersøker læreplanen i faget utdanningsval frå ulike perspektiv som politikkutforming, forsking og praksis. I tillegg til å ha skrive doktorgrad om utdanningsval har Røise lang erfaring med rettleiing av unge.