Kvinner som rettslege aktørar


Episode Artwork
1.0x
0% played 00:00 00:00
Sep 03 2022 36 mins   45

Samanliknar ein kvinner si rettslege stilling etter Landslova med den ein finn i mange andre lovverk i Europa, så hadde dei ein sterkare stilling i det norske samfunnet. Problemet er at lovene, som for så vidt sagalitteraturen, gjev oss avgrensa innsyn i korleis kvinner faktisk opererte som rettslege aktørar. Det bevarte diplommaterialet gjev oss derimot eit større innblikk i faktisk praksis, sjølv om bevaringssituasjonen gjer dette òg til ei problematisk kjelde. Men kva kvinner møter vi i diplommaterialet og andre kjelder i tida rundt Landslova, korleis agerer dei som rettslege aktørar, og står dei fram som meir handlande enn det ein kan lesa ut av Landslova?





Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.