Kan vi eigentleg redde naturen ved «å tenke som eit fjell»?


Episode Artwork
1.0x
0% played 00:00 00:00
Jan 23 2025 39 mins   13

Trass i alt vi i dag veit om tap av artar og biomangfald, så misbrukar vi framleis fjella, skogane, fjordane og myrane våre som om dei var uendelege ressursar.

– Gode demokrati er lyttande, seier filosofane Inga Bostad og Odin Lysaker, – også til dei som ikkje høyrest så godt.

Men korleis utvidar vi demokratiet til å gjelde dei stemmelause? Kva vil det eigentleg seie å snakke på vegner av naturen? Og kva vil det seie, i praksis, at noko har lik verdi? Har miljøfilosofien spelt fallitt?



I denne episoden av Universitetsplassen gjer vi eit filosofisk djupdykk i økosentrisk tenking – for folk flest, for politiske handverkarar og for skulefolk.



Programleiar er Monica Bjermeland.