EKSTRA: Om Vegard Harm i Norseman og Lars Haugvad - frå rullestol til 12.plass


Episode Artwork
1.0x
0% played 00:00 00:00
Sep 16 2024 23 mins   13

Norseman-forskarane Trine Stensrud og Jonny Hisdal fortel om prestasjonen til Vegard Harm som har trent seg opp frå scratch til å stå på startstreken i Norseman i ein eigen VGTV-serie.


Du får også høyre den sterke historia til supermosjonist Lars Haugvad som stilte for Aktiv mot kreft i Norseman. Sjølv har han utdanning frå NIH og har jobba med mange av våre aller beste utøvarar i Norges skiforbund og Olympiatoppen.


Det siste året har han satsa beinhardt for å vise at det er mogleg å prestere i toppen av verdas hardaste triatlon, sjølv med ein alvorleg sjukdomshistorie.


Programleiarar er Christina Gjestvang og Gjermund Erikstein-Midtbø.