Tett på Marte Blikstad-Balas og lesevanane våre


Episode Artwork
1.0x
0% played 00:00 00:00
Dec 17 2024 39 mins   13

– Dei store problema norske ungar har med digitalisering, handlar om fritida deira, ikkje om skulen. Og heller ikkje om norsklærarane, seier professor Marte Blikstad-Balas i denne episoden.



I eit komande prosjekt (Framing Reading Across Mediums, FRAME) skal ho likevel undersøkje leseopplæringa i norskfaget, og det på nye måtar.



– Vi skal bruke fleire typar videokamera for å fange heile klassen og undervisninga som skjer. Og ekstra mikrofonar for å få data på så mykje lyd som mogleg. I tillegg har vi tenkt å gjere skjermopptak på dei digitale einingane elevane brukar, også det med lyd. Målet er å få med så mykje som mogleg av dei digitale aktivitetane og den digitale lesinga, fortel Blikstad-Balas.



Ifølgje professoren må lesing og leseopplæring på tvers av medium studerast der det skjer, ikkje berre i isolerte eksperiment.



Programleiar er Monica Bjermeland.